Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Grøne hagar på Kronstad

4. juli 2013

Hagane på Kronstad har fått planter og trær. Denne hagen ligg utanfor biblioteket og blir den grønaste av dei tre hagane som ligg plassert inne i bygningskroppen.

Den mest historiske hagen med jernbaneskinne og den flotte fasaden til biblioteket ligg rett ved hovudinngangen og foajeen. I denne hagen er det endeleget dekket enda ikkje lagt.

Utanfor kantina ligg denne hagen. Her blir det mange spisegrupper der nistepakka eller kantinemat kan nytast.

Hagen utanfor kantina sett frå ein annan vinkel. Også her blir det eit anna dekke enn asfalten som ligg her no.

Trappa i foajeen har fått eikerekkverk sidan sist. Døra til høgre er inngangen til kultursalen.

Kultursalen kan romme rundt 360 personar og blir både forelesningssal og konsertsal.

Vrimleareal i 2. etasje i austdelen av bygget. Ferdselsåra «Navlesnoren» ligg til venstre, og tar deg raskt over til foajeen og hovudinngangen i bygget.

I 3. etasje er det ei rekke sosiale møteplassar som både har ei inne- og ei utesone. Her ser du uteplassen i ei sosialsone på fløyen til avdeling for helse- og sosialfag.

Spesialrom for bioingeniørar.

Førebuingsrom for bioingeniørar.

Eitt viktig rom for fysioterapiutdanninga. Her blir det benkebehandlingsrom.

Dette blir eit kombinert vaktrom/medisinrom og ekspedisjon for helseutdanningane. I fronten kjem ekspedisjonen der pasientar kan henvende seg. Ein sentral stad for studentar i sjukepleiefag, fysioterapi og røntgen.

Ekspedisjonen sett frå ein annan vinkel.

Her står me i rommet som skal bli eit røntgenlaboratorium. Vindauget me ser mot blir kontrollrom.

Studenthuset. Baren til høgre.

Mange lurer på korleis det blir med oppvarming i dei mange verkstadhallane som no blir omgjort til Studenthus, kantine, bibliotek og idrettshus. Her er svaret. Ovner er montert i Studenthuset.

Slik ser det ut framfor hovudinngangen til nybygget. Uteplassen blir ein flott allmenning for ansatte og studentar, men også for nabolaget. Denne delen av uteanlegget blir også opparbeidd no i sommar.

Sjå utviklinga i bygget

5. juni 2013

Einaste bilvei inn til høgskolebygget er asfaltert. Gangbrua i glas går frå undervisningsrom i 2. etasje og over til Idrettsbygget.

Foajeen har blitt fliselagt sidan sist. Trappa skal bli kledd i eik, slik at den står i stil med rekkverket i 2. etasje.

Universell utforming. Desse flisene skal vise veg i bygget.

Biblioteket har nyleg fått to trapper som går opp til studiearbeidsplassar og grupperom på mezzaninane.

Kantina. Glassrekkverk og trapp opp til sitteområde har nyleg kome på plass.

Stemningsfulle omgivelser i kantina. Her blir det sitteplasser.

Kjølediskar er montert.

Utstyret til storkjøkkenet til kantina er også på plass.

Alle gymsalar blir kledd med nydelige eikespiler som gir ei varm romkjensle. På baksida av eikespilene ligg eit lag med lyddempande materiale.

Garderobeanlegget er ferdig flisa.

Og dusj og badstu byrjar å ta form.

Sprek farge på kontorkorridor for ansatte på Avdeling for helse- og sosialfag.

Og ein enda ferskare kontorkorridor for ansatte på helse- og sosialfag i 3. etasje.

Kontrollrom for sjukepleiarutdanninga. Her skal sengepostar overvakast.

Nye vegger i rommet som skal bli lintøylager.

Studenthuset. Baren er ferdig flisa. I 2. etasje blir det møterom.

Slik ser det ut fra innsida i baren.

Plassen framfor hovudinngangen er rydda. I sommar skal mykje av uteanlegget ferdigstillast.

 

Idrettsbygget tar form

22. april 2013

Dørene inn til idrettsbygget står opne, og opningen er kledd i glass. Om eitt år fyller studentar bygget og får undervisning her.

Klatrevegg i stemningsfulle omgivelsar. Stillaset viser kor klatreveggen blir plassert.

2. etasje idrettsbygget: Kontorkorridor der mykje er klart.

Foajeen har fått trapp!

Foreløpig er trappa ein stålkonstruksjon. Men når trappa er ferdig er den kledd i eik.

Slik ligg ekspedisjonen plassert rett ved hovudinngangen. Til høgre kjem bygget si viktigaste ferdselsåre «navlesnoren» som tar deg raskt over til undervisningsrom på helse- og sosialfag og på ingeniørutdanninga.

Eitt av dei største auditoria i bygget. Her er det plass til 180 studentar.

Kjøkkenet har nyleg fått nytt rødt golv!

Fargerik korridor i helse- og sosialfag sine undervisningsareal.

Biblioteket 2. etasje. Glassrekkverk er nyleg montert opp på denne mezzaninen, som blir ein fin lesesalsplass og som også har fleire grupperom å by på.

Studenthuset er framleis ein byggeplass. Ta ein kikk på arkitekten sin illustrasjon over korleis det kan sjå ut til slutt!

 

Spesialutstyr på plass

3. april 2013

Gasskraner til studentar på kjemiingeniør er montert på plass. Kvar student skal ha gassbrennar på sin arbeidsplass.

Ein heil sal full av arbeidsbenker og utslagsvaskar. Det trengs mange vaskar til mange studentar. Også dette spesialrommet høyrer til kjemiutdanninga.

Også skap er montert opp på veggen. Til høgre ser me eitt av avtrekkskapa som er på plass og som er ein del av kjemiutdanninga.

Laboratorium for ingeniørstudentar. Arbeidsbenker er på plass og hyller har kome opp på veggene.

Samme rom frå ein annan vinkel.

Dette er eit lite auditorium i første etasje.

Toaletta i tilknytning til undervisningsrom byrjar også å bli ferdige.

Speila er allereie på plass.

Ekspedisjonen/resepsjonen i hovudinngangen har fått vegger sidan sist.

Ekspedisjonen/resepsjonen sett frå ein annan vinkel.

Navlesnoren kallar arkitekten denne ferdselsåra, som er bindeleddet mellom hovudinngangen og undervisningsrom på austsida. Gangen er også sentral for å komme seg til kantine, bibliotek og bokhandel.

Utsikt mot utehagen ved biblioteket og lenger nede ser me murveggen som tilhøyrer biblioteket.

Utsikt mot utehagen ved kantina. I dette området kjem det også ein stor bokhandel til Studia.

Den gamle teglsteinsveggen som er ein del av kantina skaper ein fin stemning for alle som går gjennom navlesnoren.

Utsikt frå 2. etasje ned på navlesnoren. Går du gjennom døra til venstre er du ved hovudinngangen i bygget.

Inngang til undervisningsrom for ingeniørstudentar og helse- og sosialfagstudentar på austsida av bygget.

 

Inngangspartiet på plass

26. februar 2013

Hovudinngangen til høgskulebygget

Velkommen! Hovudinngangen til høgskulebygget er opna opp og under arbeid.

Foajeen

Foajèen. Rekkverk med eikespiler er montert opp sidan sist. Oppe i 2. etasje blir det mange grupperom. I første etasje er det inngang til auditorium, kultursal og grupperom.

Styrerommet

Styrerommet. Rommet er heilt ferdig, vaska ned og klar til innflytting i mai 2014. No ventar ein på møblering og AV-utstyr.

Kunst på utvendig fasade

Kunsten på den utvendige fasaden er også fin å sjå på frå innsida.

Gangbru over sosial sone

Gangbru over ei sosial sone. Her blir det også rekkverk med eikespiler. Sjå illustrasjon frå arkitekten av sosial sone.

Dramarommet

Dramarommet. Siste finpuss før rommet er heilt ferdig og klart til innflytting i 2014.

Laboratorium for ingeniørutdanninga

Eitt laboratorium for ingeniørutdanninga tar form. Rommet ligg i 4. etasje.

Kommunikasjonslab for elektroingeniørane

Dette rommet er kommunikasjonslab for elektroingeniørar og er også i 4. etasje.

Ope kontorlandskap og seminarrom

2. etasje mot nordaust. Her blir det opent kontorlandskap og seminarrom og fin utsikt til Ulriken!

Fasaden til høgblokka

Morgonstemning på høgskuletomta. Alle rom i høgblokka er no ferdige.

Første spesialrom tar form

23. januar 2013

Spesialutstyr er på plass

Første undervisningsrom på Kronstad har fått spesialutstyret sitt på plass. Dette er avtrekkskap som kjemiutdanninga skal nytte seg av.

Benkar ved bokskapa

Fleire stadar i bygget lagar ein no benkar der bokskapa skal stå. Døra til høgre er døra inn til eit undervisningsrom.

Ein stor sofakrok

Sofakrok. I inngangspartiet arbeider ein no med det som skal bli ein gigantisk sofa. Sofaen ligg intimt plassert i eit lunt hjørne. Rommet bak sofaen er Kultursalen og deretter kjem to store auditorium med plass til 180 personar.

Kultursalen er nesten ferdig

Kultursalen er nesten ferdig kledd med eikefinerplater.

Mezzaninen i biblioteket

Mezzaninen i biblioteket blir kledd med kvite lyddempande plater. Sponplatene på toppen skal byttast ut med glass. Oppe på mezzaninane blir det både grupperom og studentarbeidsplassar.

Ope kontorlandskap

Dei fleste kontor på Kronstad blir enkeltkontor, men her ser du eit opent kontorlandskap.

Same landskap frå ein annan vinkel

Det same kontorlandskapet sett frå ein annan vinkel.

IT-avdelinga sitt kontorlandskap

IT-avdelingen sitt kontorlandskap er nesten klar til innflytting, men innflytting er først våren 2014.

Gelender i trappene

Slik blir gelenderet i trappene. Gelenderet er i eik og rekkverket er svart. Fargen på veggene vil variere frå trappeløp til trappeløp.

Studenthuset og høgblokka

Høgskoleanlegget ein kald vintermorgon. Til venstre ser me Studenthuset.

Vinterstemning på Kronstad

12. desember 2012

Høgblokka i julestemning

Høgskulebygget i jule- og vinterstemning.

Sosial møteplass

Ein sosial møteplass tar form. Denne plassen blir eit viktig knutepunkt for sosiale møte mellom avdeling for ingeniørutdanning og avdeling for  lærarutdanning. Møteplassane er også ein del av kunstprosjektet og kunstnarar er inviterte til å setje sitt preg på dei ulike møteplassane.

Aluminiumsplater på uteplassen

Uteplassen er kledd med aluminumsplater. Uteplassane er ein del av landskapsarkitekten sin utomhusplan, og skal innreiast med grøne planter og utemøblar. Sjå også arkitekten sin illustrasjon av korleis møteplassen kan kome til å sjå ut.

Kulturaksen mot idrettsbygget

Kulturaksen mot idrettsbygget er klar. Aksen er trasèen som bind alle verneverdige bygg saman med den nye bygningsmassen. Denne ferdselsåra går frå nybygget i 2. etasje og over til kontora og undervisningsromma i idrettsbygget sin 2. etasje.

Kontorkorridoren i idrettsbygget

Kontorkorridoren i idrettsbygget tar form. Kontora ligg i 2. etasje.

Rørslerommet/dansesalen

Arbeidet i idrettsbygget går fort. Rørslerommet/dansesalen er ferdig isolert og har fått vegger sidan sist.

Styrerommet

Styrerommet har fått eit eksklusivt preg sidan sist. Veggene er kledd med eikefinerplater og rommet har fått ein varm atmosfære.

Kontorlandskap

Kontorkorridor med fargerik vegg. Turkis er ein av fargane som blir å sjå på kontorgangane i nybygget.

Standardkontor

Standardkontor Kronstad. Mange kontor på Kronstad er ferdig innreia. Lampe, ovn og stikkontaktar er på plass.

Adgangskortsystem til kontora

Også adgangskortsystemet til kontora er ferdig montert. Det blir nøkkelkort til alle kontor på Kronstad.

Toalett

Inventaret på toaletta er kome på plass. Speil, servant, klosett og lamper er ferdig installert.

Stemningsfull kantine

23. november 2012

Inne i kantina

Stemningsfull kantine. Her blir det spiseplasser i første og andre etasje. Det blir også eit stort spiseareal i den moderne delen av bygget.

Utanfor kantina

Ut frå kantina kjem me til uteplassen som ligg plassert mellom Studenthuset og kantina. Dette blir ein fin uteplass om våren og sommaren!

Plassen utanfor kantina

Framleis på uteplassen utanfor kantina. Her ser me fasaden til den moderne delen av kantina.

Hagen ved kantina

Hagen ved kantina. Gjennom hagen går det ei langsgåande hulkilrenne i mørk storgatestein. Renna er til oppsamling av overvatn, den vil også danne ei naturleg ledelinje for blinde og svaksynte då fargen og overflata vil gi god kontrast til det lyse steindekket som skal leggast inntil renna.

Mellom foajeen og biblioteket

Hagen mellom Foajeen og Biblioteket. Togspor nr. 2 er på plass sidan sist.

Biblioteket

Biblioteket. Her ser me opp på ein av til saman 3 mezzaniner. Ta ein kikk på illustrasjonen frå arkitekten av biblioteket og sammenlign!

Auditorium

Auditorium. Dette auditoriet ligg på plan 1 og vindauga vender ut mot Inndalsveien og Bybanen.

Idrettsbygget

Idrettsbygget. Idrettshallen har fått vegger sidan sist!

Rørslerommet/dansesalen

Også rørslerommet/dansesalen byrjar å ta form.

Utanfor ingeniørutdanninga

Her står me der det framtidige idrettsanlegget blir plassert søraust på tomta. Hjørnet me ser på er arealet der fleire ingeniørutdanningar får sine spesialrom.

Frå nordaust på tomta

Me har gått over til motsatt side og står plassert nordaust på tomta. Bak oss ligg St.Olavsvei. Her får mange helse- og sosialfagutdanningar sine spesialrom.

Studenthus og uteanlegg tar form

31. oktober 2012

Studenthuset

Mykje har skjedd i Studenthuset på kort tid. No byrjar den sosiale møteplassen med bar å likne slik den vil sjå ut. Du kan samanlikne bildet med arkitekten sin illustrasjon.

Baren i studenthuset

Her ser ein enda bedre kor baren blir plassert i 1. etasje i Studenthuset. I etasjen over blir blir det møterom der ein kan følge med på det som skjer i 1. etasje. Kranen i taket er eit synleg bevis på at huset tidlegare har vore jernbaneverkstad.

Foajéhagen

Foajehagen. Jernbanesporet er nyleg blitt plassert i hagen som ligg mellom hovudinngangen i høgblokka og biblioteket.

Kaféhagen

Kafehagen. Baksida på kantina får ein ny og moderne vegg med svart trepanel. Framsida av kantina har den opprinnlege teglsteinen som no er renovert.

Styrerommet

Styrerommet. Eikepanel er montert i taket. Veggene skal bli kledd med perforerte eikeplater.

Grupperom

Fargerike grupperom. Her ser me fargerike grupperom som ligg plassert i 2. etasjen nær hovudinngangen. Romma ligg ved foten av trappa som vil gå ned til foajèen og hovudinngangen. Arkitekten har henta inspirasjonen for fargevalet frå transportindustrien.

Fyrrommet

Fyrrommet. Eit stemningsfullt rom tar form. Rommet ligg i biblioteket og vil bli utstyrt med peis.

Idrettshuset

Idrettshuset. Glassdører har kome på plass.

Gamle dører

Utanpå glasset vil dei intakte dørene frå tida som jernbaneverkstad bli plasserte.

Ingeniørutdanninga sitt kontorlandskap

Ingeniørfløyen tar form. Her ser me 3. etasjen til det som blir ingeniørutdanninga sine kontor og møterom.

Kunst

Og slik ser utsikten i ein av kontorkorridorane på ingeniørfløyen ut.

Fløy for helse- og sosialfag

Me er framleis i 3. etasje, men har no bevega oss bort i den ferskaste delen av nybygget. Her skal helse- og sosialfaga ha tilhald, og det blir både kontor, møterom og spesialrom på denne fløyen, som foreløpig er utan vegger.

Høgblokka

Oversiktsbilde. Her er høgblokka og til venstre ligg kantina som består av to tidlegare verkstadhallar. I bakkant ser me svarte «hattar» som blir kontor.

September på Kronstad

26. september 2012

Idrettsbygget

Idrettsbygget.

Inni idrettsbygget

Idrettsbygget. Her står vi i idrettshallen. Borte på venstre side vil dei øvste romma bli styrkerom og bevegelsesrom. Dansesalen er plassert i midten og lengst bak blir det gymsal.

Gamalt vindaug i idrettsbygget

Dei gamle vindauga i idrettsbygget er tatt vare på. No er innervindauge montert.

Fasaden på idrettsbygget

Fasaden på idrettsbygget sett frå nordvest. I første etasje ser me vindauga til garderobeanlegget. I andre etasje er det vindauga til kontor og grupperom.

Uteanlegg

Uteanlegget ved idrettshuset er påbegynt og murerarbeidet er igang.

Biblioteket

Biblioteket. Utstikkerane i bildet er mezzaninen med komande lesesalsplasser.

Biblioteket i 2. etasje

Biblioteket i 2. etasje. I bakkant av mezzaninen er det plassert grupperom.

Grupperom i biblioteket

Utsikt fra grupperom ut i biblioteket.

Kultursalen

Kultursalen.

Kultursalen frå øvste rad

Kultursalen sett frå øvste rad. Scenen er malt og golvet er lagt.

Fokusrom

Fokusrom. Etter ei forelesing kan studentane gå til flotte fokusrom og studere vidare, og nyte utsikten til Foajèhagen og til biblioteket.

Studenthuset 2. etasje

Studenthuset 2. etasje. Her blir det møterom og grupperom og tette vegger.