Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Stemningsfull kantine og bibliotek

25. februar 2014

kronstad_427

Lampane er komne på plass i kantina. Her er me i spisearealet i 2. etasje. Under ligg kjøkkenet og matstasjonane.

kronstad_428

Framleis 2. etasje i kantina.

kronstad_430

Biblioteket. Nå er det bare bøkene og møblane som manglar!

kronstad_433

I idrettsbygget er høgtalaranlegg montert opp sidan sist. Sikringsnett vil bli montert framføre høgtalaren.

kronstad_435

Og klatreveggen har også kome på plass.

kronstad_432

Badstua er klar til bruk i garderobeanlegget i idrettsbygget.

kronstad_436

I kjellaren er bibliotekmagasinet klart.

kronstad_437

 

kronstad_424

Undervisningskjøkkenet er klart til bruk.

kronstad_421

Denne delen av undervisningskjøkkenet blir også undervisningsrom for ergoterapistudentar. Her kan kjøkkenbenken justerast opp og ned etter kven som er brukaren.

kronstad_425

Garderoben i tilknytning til undervisningskjøkkenet.

kronstad_438

Slepetanken er ein viktig del av undervisninga for studentane på ingeniørretninga maskin- og marinteknikk.

kronstad_439

Tanken er 50 meter lang, og er klar til å fyllast med vatn.

kronstad_440

Kaffibaren i foajèen. Utstyret er allereie på plass.

kronstad_441

Servicesenteret er det første du møter på når du kjem inn hovudinngangen i bygget.

kronstad_442

Foajèen har fått lampar i taket.

kronstad_443

Navlesnoren, den viktige ferdselsåra frå hovudinngangen og over til spesialromma til ingeniør- og helsestudentar. I dette knutepunktet ligg alle dei viktige servicetilboda: biblioteket, bokhandelen og kantina.

kronstad_444

Dette er lokalet til bokhandelen til Studia. Bokhandelen ligg midt i navlesnoren og har nydeleg plassering midt mellom kantinehagen og bibliotekhagen.

Legg inn en kommentar