Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Stadig meir klart til innflytting

17. desember 2013

Vaktrom/ekspedisjon for helsefagstudentar.

Sengepost for studentar ved grunnutdanning i sjukepleie og andre helseutdanningar.

Sengeposten sett frå ein annan vinkel. Her ser me inn på kontrollrommet, og over til den andre sengeposten.

Slik ser den andre sengeposten ut foreløpig.

Røntgenlaboratorium og vindu inn til kontrollrommet.

Dette er undervisningskjøkkenet til utdanninga mat og helse. Vifter og ovner er på plass.

Avslappingskrok mellom forelesningar. Denne nisjen er plassert i undervisningsarealet til helse-og sosialfagutdanningane.

Navlesnoren har fått lys sidan sist. Dette er i 2. etasje. Det oransje golvet viser ruta «Kulturaksen» som bind alle dei verneverdige bygga saman.

Nederst til venstre i bildet: Fersdselsåra som går mellom foajeen og undervisningsrom i aust er opna opp. Glassvegg er også montert i overgangen mellom foajeen og navlesnoren.

Navlesnoren og den flotte fasaden til biblioteket.

Foliering av glassvegg til eit kontor.

Kontorkorridor i biblioteket.

Folieringa sett frå innsida av kontoret.

Julestemning på Kronstad.

Kommentarer

Legg inn en kommentar