Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Grøne hagar på Kronstad

4. juli 2013

Hagane på Kronstad har fått planter og trær. Denne hagen ligg utanfor biblioteket og blir den grønaste av dei tre hagane som ligg plassert inne i bygningskroppen.

Den mest historiske hagen med jernbaneskinne og den flotte fasaden til biblioteket ligg rett ved hovudinngangen og foajeen. I denne hagen er det endeleget dekket enda ikkje lagt.

Utanfor kantina ligg denne hagen. Her blir det mange spisegrupper der nistepakka eller kantinemat kan nytast.

Hagen utanfor kantina sett frå ein annan vinkel. Også her blir det eit anna dekke enn asfalten som ligg her no.

Trappa i foajeen har fått eikerekkverk sidan sist. Døra til høgre er inngangen til kultursalen.

Kultursalen kan romme rundt 360 personar og blir både forelesningssal og konsertsal.

Vrimleareal i 2. etasje i austdelen av bygget. Ferdselsåra «Navlesnoren» ligg til venstre, og tar deg raskt over til foajeen og hovudinngangen i bygget.

I 3. etasje er det ei rekke sosiale møteplassar som både har ei inne- og ei utesone. Her ser du uteplassen i ei sosialsone på fløyen til avdeling for helse- og sosialfag.

Spesialrom for bioingeniørar.

Førebuingsrom for bioingeniørar.

Eitt viktig rom for fysioterapiutdanninga. Her blir det benkebehandlingsrom.

Dette blir eit kombinert vaktrom/medisinrom og ekspedisjon for helseutdanningane. I fronten kjem ekspedisjonen der pasientar kan henvende seg. Ein sentral stad for studentar i sjukepleiefag, fysioterapi og røntgen.

Ekspedisjonen sett frå ein annan vinkel.

Her står me i rommet som skal bli eit røntgenlaboratorium. Vindauget me ser mot blir kontrollrom.

Studenthuset. Baren til høgre.

Mange lurer på korleis det blir med oppvarming i dei mange verkstadhallane som no blir omgjort til Studenthus, kantine, bibliotek og idrettshus. Her er svaret. Ovner er montert i Studenthuset.

Slik ser det ut framfor hovudinngangen til nybygget. Uteplassen blir ein flott allmenning for ansatte og studentar, men også for nabolaget. Denne delen av uteanlegget blir også opparbeidd no i sommar.

Kommentarer

Legg inn en kommentar