Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Spesialutstyr på plass

3. april 2013

Gasskraner til studentar på kjemiingeniør er montert på plass. Kvar student skal ha gassbrennar på sin arbeidsplass.

Ein heil sal full av arbeidsbenker og utslagsvaskar. Det trengs mange vaskar til mange studentar. Også dette spesialrommet høyrer til kjemiutdanninga.

Også skap er montert opp på veggen. Til høgre ser me eitt av avtrekkskapa som er på plass og som er ein del av kjemiutdanninga.

Laboratorium for ingeniørstudentar. Arbeidsbenker er på plass og hyller har kome opp på veggene.

Samme rom frå ein annan vinkel.

Dette er eit lite auditorium i første etasje.

Toaletta i tilknytning til undervisningsrom byrjar også å bli ferdige.

Speila er allereie på plass.

Ekspedisjonen/resepsjonen i hovudinngangen har fått vegger sidan sist.

Ekspedisjonen/resepsjonen sett frå ein annan vinkel.

Navlesnoren kallar arkitekten denne ferdselsåra, som er bindeleddet mellom hovudinngangen og undervisningsrom på austsida. Gangen er også sentral for å komme seg til kantine, bibliotek og bokhandel.

Utsikt mot utehagen ved biblioteket og lenger nede ser me murveggen som tilhøyrer biblioteket.

Utsikt mot utehagen ved kantina. I dette området kjem det også ein stor bokhandel til Studia.

Den gamle teglsteinsveggen som er ein del av kantina skaper ein fin stemning for alle som går gjennom navlesnoren.

Utsikt frå 2. etasje ned på navlesnoren. Går du gjennom døra til venstre er du ved hovudinngangen i bygget.

Inngang til undervisningsrom for ingeniørstudentar og helse- og sosialfagstudentar på austsida av bygget.

 

Kommentarer

Legg inn en kommentar