Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Idrettsbygget tar form

22. april 2013

Dørene inn til idrettsbygget står opne, og opningen er kledd i glass. Om eitt år fyller studentar bygget og får undervisning her.

Klatrevegg i stemningsfulle omgivelsar. Stillaset viser kor klatreveggen blir plassert.

2. etasje idrettsbygget: Kontorkorridor der mykje er klart.

Foajeen har fått trapp!

Foreløpig er trappa ein stålkonstruksjon. Men når trappa er ferdig er den kledd i eik.

Slik ligg ekspedisjonen plassert rett ved hovudinngangen. Til høgre kjem bygget si viktigaste ferdselsåre «navlesnoren» som tar deg raskt over til undervisningsrom på helse- og sosialfag og på ingeniørutdanninga.

Eitt av dei største auditoria i bygget. Her er det plass til 180 studentar.

Kjøkkenet har nyleg fått nytt rødt golv!

Fargerik korridor i helse- og sosialfag sine undervisningsareal.

Biblioteket 2. etasje. Glassrekkverk er nyleg montert opp på denne mezzaninen, som blir ein fin lesesalsplass og som også har fleire grupperom å by på.

Studenthuset er framleis ein byggeplass. Ta ein kikk på arkitekten sin illustrasjon over korleis det kan sjå ut til slutt!

 

Legg inn en kommentar