Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Første spesialrom tar form

23. januar 2013

Spesialutstyr er på plass

Første undervisningsrom på Kronstad har fått spesialutstyret sitt på plass. Dette er avtrekkskap som kjemiutdanninga skal nytte seg av.

Benkar ved bokskapa

Fleire stadar i bygget lagar ein no benkar der bokskapa skal stå. Døra til høgre er døra inn til eit undervisningsrom.

Ein stor sofakrok

Sofakrok. I inngangspartiet arbeider ein no med det som skal bli ein gigantisk sofa. Sofaen ligg intimt plassert i eit lunt hjørne. Rommet bak sofaen er Kultursalen og deretter kjem to store auditorium med plass til 180 personar.

Kultursalen er nesten ferdig

Kultursalen er nesten ferdig kledd med eikefinerplater.

Mezzaninen i biblioteket

Mezzaninen i biblioteket blir kledd med kvite lyddempande plater. Sponplatene på toppen skal byttast ut med glass. Oppe på mezzaninane blir det både grupperom og studentarbeidsplassar.

Ope kontorlandskap

Dei fleste kontor på Kronstad blir enkeltkontor, men her ser du eit opent kontorlandskap.

Same landskap frå ein annan vinkel

Det same kontorlandskapet sett frå ein annan vinkel.

IT-avdelinga sitt kontorlandskap

IT-avdelingen sitt kontorlandskap er nesten klar til innflytting, men innflytting er først våren 2014.

Gelender i trappene

Slik blir gelenderet i trappene. Gelenderet er i eik og rekkverket er svart. Fargen på veggene vil variere frå trappeløp til trappeløp.

Studenthuset og høgblokka

Høgskoleanlegget ein kald vintermorgon. Til venstre ser me Studenthuset.

Legg inn en kommentar