Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Vinterstemning på Kronstad

12. desember 2012

Høgblokka i julestemning

Høgskulebygget i jule- og vinterstemning.

Sosial møteplass

Ein sosial møteplass tar form. Denne plassen blir eit viktig knutepunkt for sosiale møte mellom avdeling for ingeniørutdanning og avdeling for  lærarutdanning. Møteplassane er også ein del av kunstprosjektet og kunstnarar er inviterte til å setje sitt preg på dei ulike møteplassane.

Aluminiumsplater på uteplassen

Uteplassen er kledd med aluminumsplater. Uteplassane er ein del av landskapsarkitekten sin utomhusplan, og skal innreiast med grøne planter og utemøblar. Sjå også arkitekten sin illustrasjon av korleis møteplassen kan kome til å sjå ut.

Kulturaksen mot idrettsbygget

Kulturaksen mot idrettsbygget er klar. Aksen er trasèen som bind alle verneverdige bygg saman med den nye bygningsmassen. Denne ferdselsåra går frå nybygget i 2. etasje og over til kontora og undervisningsromma i idrettsbygget sin 2. etasje.

Kontorkorridoren i idrettsbygget

Kontorkorridoren i idrettsbygget tar form. Kontora ligg i 2. etasje.

Rørslerommet/dansesalen

Arbeidet i idrettsbygget går fort. Rørslerommet/dansesalen er ferdig isolert og har fått vegger sidan sist.

Styrerommet

Styrerommet har fått eit eksklusivt preg sidan sist. Veggene er kledd med eikefinerplater og rommet har fått ein varm atmosfære.

Kontorlandskap

Kontorkorridor med fargerik vegg. Turkis er ein av fargane som blir å sjå på kontorgangane i nybygget.

Standardkontor

Standardkontor Kronstad. Mange kontor på Kronstad er ferdig innreia. Lampe, ovn og stikkontaktar er på plass.

Adgangskortsystem til kontora

Også adgangskortsystemet til kontora er ferdig montert. Det blir nøkkelkort til alle kontor på Kronstad.

Toalett

Inventaret på toaletta er kome på plass. Speil, servant, klosett og lamper er ferdig installert.

Kommentarer

Legg inn en kommentar