Bilder HiB 2014

I 2014 flyttar Høgskolen i Bergen til Kronstad og Møllendalsveien. Her kan du følgje med på utviklinga. Bilder ved Mauricio Pavez, HiB.

Studenthus og uteanlegg tar form

31. oktober 2012

Studenthuset

Mykje har skjedd i Studenthuset på kort tid. No byrjar den sosiale møteplassen med bar å likne slik den vil sjå ut. Du kan samanlikne bildet med arkitekten sin illustrasjon.

Baren i studenthuset

Her ser ein enda bedre kor baren blir plassert i 1. etasje i Studenthuset. I etasjen over blir blir det møterom der ein kan følge med på det som skjer i 1. etasje. Kranen i taket er eit synleg bevis på at huset tidlegare har vore jernbaneverkstad.

Foajéhagen

Foajehagen. Jernbanesporet er nyleg blitt plassert i hagen som ligg mellom hovudinngangen i høgblokka og biblioteket.

Kaféhagen

Kafehagen. Baksida på kantina får ein ny og moderne vegg med svart trepanel. Framsida av kantina har den opprinnlege teglsteinen som no er renovert.

Styrerommet

Styrerommet. Eikepanel er montert i taket. Veggene skal bli kledd med perforerte eikeplater.

Grupperom

Fargerike grupperom. Her ser me fargerike grupperom som ligg plassert i 2. etasjen nær hovudinngangen. Romma ligg ved foten av trappa som vil gå ned til foajèen og hovudinngangen. Arkitekten har henta inspirasjonen for fargevalet frå transportindustrien.

Fyrrommet

Fyrrommet. Eit stemningsfullt rom tar form. Rommet ligg i biblioteket og vil bli utstyrt med peis.

Idrettshuset

Idrettshuset. Glassdører har kome på plass.

Gamle dører

Utanpå glasset vil dei intakte dørene frå tida som jernbaneverkstad bli plasserte.

Ingeniørutdanninga sitt kontorlandskap

Ingeniørfløyen tar form. Her ser me 3. etasjen til det som blir ingeniørutdanninga sine kontor og møterom.

Kunst

Og slik ser utsikten i ein av kontorkorridorane på ingeniørfløyen ut.

Fløy for helse- og sosialfag

Me er framleis i 3. etasje, men har no bevega oss bort i den ferskaste delen av nybygget. Her skal helse- og sosialfaga ha tilhald, og det blir både kontor, møterom og spesialrom på denne fløyen, som foreløpig er utan vegger.

Høgblokka

Oversiktsbilde. Her er høgblokka og til venstre ligg kantina som består av to tidlegare verkstadhallar. I bakkant ser me svarte «hattar» som blir kontor.

Kommentarer

Legg inn en kommentar